Seismikkmakk

Miljøverndepartementet har bede Statens Forureingstilsyn om å sjå på miljøkonsekvensane ved seismiske undersøkingar og vurdere om slike må ha tillating etter Forureiningslova for at dei skal kunne skje. Det er klokt.

Interessant. Det rører seg. I rett retning.  

Det fantastiske med saka er at Nordland Høgre støttar å gjere denne vurderinga, medan Nordland Ap er mot.

Eg skjønner ikkje at enkelte av dei som er tilhengarar av olje- og gassverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen, er så oppsette på å få gjennomført seismikkskytinga med det konfliktnivået som er no. Leiaren i Nordland AP gjekk før helga ut på NRK Nordland og ba fiskarane slutte å syte!

Syte? Fiskarane er, ikkje utan grunn, urolege for konsekvensane for fisken. Seismikk handlar om å sende trykkbølger ved hjelp av luftkanon. Ved hjelp av teknologi kan ein på bakgrunn av refleksjonane av bølgane, lage tredimensjonale kart av undergrunnen som fortel noko om olje- og gassførekomstar. Det er forska lite på effektane av seismikk, men vi veit at larver og yngel som er like ved der skytinga skjer, blir øydelagde (det betyr vel strengt tatt at dei blir drept). Ein meiner at voksen fisk svømmer unna, men langtidseffektane veit ein mindre om. Havforskningsinstituttet skriv litt meir om seismikk her.

2 tilbakemeldinger på “Seismikkmakk”

  1. Jan Olsen sier:

    Man kan jaggu lure på om hvorfor det alltid er de store som alltid ber de mindre om å slutte å syte.

    Å kalle protester for syt er en generell nedvurdering av meningsmotstander. Man har ikke mulighet å bli tatt på alvor hvis man lar inntrykket av at man syter feste seg. For meg minner det om mobbing. Når man var unger og plaga noen, så syns man at dem var sytete, og derfor fortjente å bli ytterligere plaga.

    Kanskje skulle du gå “rett i halsen” på Nordland AP og forsvare fiskerene, og dermed gi dem ei oppreisning ved å vise til at Ap og lederen i Nordland viser fiskerne totalt mangel på respekt ved slike uttalelser.

  2. Eit stykkje av verda » Seismikkskyting sier:

    […] Eg hadde tenkt å skrive litt om seismikkskyting i dag, men Åsa Elvik har sagt det meste her […]

Legg igjen en kommentar