Miljøskade
lørdag 20. mars 2010Eg er miljøskadd. Her sit eg og skriv 1. mai tale medan P1 står på; Norgesglasset er jo så triveleg eit program. Medan eg sit og knotar på klimaresonnementa, så kjem det “Melding frå Fiskeridirektøren” på radioen. Eg spissar øyra, og miljøskaden er at eg er i stand til å gjengi innhaldet i meldinga etter å ha høyrt den ein gong. “Refordeling av torsk i Nordsjøen for konvensjonelle fiskeri. I open og lukka gruppe, får ein 25% tillegg i kvoten frå og med i dag.” Det er ikkje riktig klokt. I år har eg ikkje ein gong tenkt å nemne fiskeri. Eg skal til Narvik, liksom…